Store truckar og liftar fyller lageret til Normann Olsen Maskin AS i Kvernelandsveien i Sandnes. No vender dei blikket vestover og satsar mot offshore-marknaden.

Av: Kristine Sele

Kniplingar og broderi er ein saga blott. I dag er det enorme løftemaskinar det dreiar seg om i Kvernelandsveien.

Firma, som vart starta i 1958, har i mange år no drive import og sal av materiell til bygg og anlegg. Me produserer ikkje, me kjøper inn og byggjer om for å tilpassa oss det som marknaden vil ha. I tillegg til service, opplyser produktsjef Owe J. Hegre ved avdelinga i Sandnes.

Bedrifta har 50 tilsette i Noreg; fem av dei i Sandnes. Hovudkontoret ligg i Oslo, dessutan er det avdelingar i Bergen og Trondheim.

Frå land til sjø
Me har i mange år vore store på løftemaskinar, liftar til bruk i land, for anlegg- og utleigebransjen. Me driv ikkje utleige av materiell, berre sal, opplyser Hegre, og fortel at bedrifta no vender blikket vestover.

No satsar me på lift til offshore, som ein av få i Noreg, seier Hegre og forklarar: Her har me funne ei ny og god løysing for arbeid i høgda ute på oljeinstallasjonar. Fram til no har den slags arbeid gått føre seg ved hjelp av stillas. Ved at liften er på plass, sparar dei riggetid; det blir mykje meir effektivt, understrekar han.

Denne liften har løftehøgde på 30 meter og har kapasitet på fem tonn. Owe J. Hegre opplyser at den er godkjend for bruk i sone 2 etter ombygging ved Pyroban:

Normann Olsen Maskin AS er eineleverandør av Manitou MRT 3050 i Noreg. Dei to fyrste er leverte til Statoil Kolsnes og Archer Seawell, som er våre største kundar.