EIKEFJORD: Etter fleire eventyrlege år, byrjar kvardagen å normalisere seg for røyrspesialisten Fjordpipe aust for Florø.

Sidan oppstarten i 1986 har kvardagen vore eit eventyr for Jon Åge Sande og dei tilsette i Eikefjord Mekaniske Verksted, frå 2011 kalla Fjordpipe AS. Året etter han og to andre lokale industriarbeidarar etablerte selskapet, omsette dei for 10 millionar kroner. Og i toppåret 2010 hadde omsetninga auka til nesten 89 millionar kroner. Det same året var driftsresultatet på heile 13 millionar kroner. Men no byrjar kvardagen å normalisere seg for selskapet som prefabrikkerer røyrsystem til skip, bygg og landbasert industri frå den vesle vestlandsbygda Eikefjord i Sogn og Fjordane.

Tøffare marknad
For sjølv om dei i 2012 signerte to storkontraktar med Fjellstrand AS på fullstendig røyrutrusting på to supplyskip, og dermed kunne notere ein rekordomsetning på utrulege 97 millionar kroner, var overskotet berre 4,5 millionar kroner – det same som året før. Dagleg leiar Jon Åge Sande er ikkje heilt nøgd. – Resultatet kunne vore betre. Normalt sett burde overskotet ligge på vel ti prosent av omsetninga, seier Sande og peikar på at konkurransen har blitt tøffare i marknaden dei siste åra. – Det gjer at vi heile tida må skjerpe oss, og halde kostnadene så låge som mogleg. Men lønskostnadene kan vi ikkje gjere noko med, seier Sande. Eventyret hadde nemleg ikkje vore mogleg utan dei polske arbeidarane underselskapet EMV Piping har rekruttert. Selskapet har i dag 130 tilsette, hovudsakleg på lokasjonar der Fjordpipe utfører oppdrag.

Forsiktig optimist
Men trass nedgangen den siste tida, er Jon Åge Sande forsiktig optimistisk med tanke på framtida. – Marknaden framover ser brukbar ut. Dei fleste av kundane våre innan skipsindustrien har tjukke ordrebøker langt ut i 2013 og 2014, seier Sande. For sjølv om selskapet hittil i år ikkje har signert nye storkontraktar, og aktiviteten så langt har vore låg, har dei tilsette nok å gjere på. Det første røyroppdraget ved Fjellstrand sitt verft vart rett nok ferdig til nyttår, men framleis står det ein del arbeid att med det andre supplyskipet. I tillegg satsar selskapet meir mot levering av røyrsystem til hus.